Hafslo Bilsenter

Om oss

Hafslo Bilsenter ligg i Hafslo like ved riksveg 55, Hafslo Bilsenter på Google Maps. Bedrifta er ein bilverkstad samt ein Esso bensinstasjon.

Verksemda vår vart etablert våren 2000 i leigde verkstadlokale. I februar 2001 vart verksemda omorganisert, og me kjøpte då opp verkstadlokale til tidlegare Hafslo Mekaniske Verkstad AS. I lokala har det vore bilverkstad frå 1950 talet.

Hafslo Bilsenter ligg ved RV 55, hovedferdselsåra gjennom Luster kommune. Avstanden til dei næraste tettstadene er til Sogndal 15 km og Gaupne (kommunesenteret) 14 km.

Me driv ein uavhengig, offentleg godkjend verkstad både for lette køyretøy og karosseriverkstad. I tillegg er verkstaden godkjend for PKK/EU-kontroll. Tidlegare eigar var autorisert Opelforhandlar, og me har difor mange Opelar innom verkstaden. Me har også eit omfattande delelager samt spesialverktøy til Opel. Hafslo Bilsenter tek inn alle typar bilar, og har i tillegg spisskompetanse på Opel.

Me har 2 bilmekanikarar med fagbrev, desse har og fagbrev som karosseri/opprettarar.

Sambarbeidspartnere og avtaler




Ressursar